Letras Web

Til Deg

Gaate

3 acessos

Du gledde meg så mykje,
Eg kan'kje gleda deg.
Det beste som eg hadde,
Var alt for smått for deg.
Men denne vesle knoppen av mitt eige rosentre,
Den skal du ha til minne om somaren og meg.

I fjor haust var den berre eit snøkvitt lite nor
djupt nedi jorda, på rota åt si mor.
Når somarsola vart so varm, då våga den seg opp,
og skaut så friske grøne blad, og slik ein blodraud topp.

Men då var høsten her, med iskald gufs frå hei og nut, det vart for seint, so altfor seint, han fekk kje spretta ut. So laut han døy, og vondt det var då vesle livet gjekk; men lagnad-stålet av han skar, det finst kje råd med slikt.

Og ilska rann med livet ut i tidens djupe hav,
der lengt og liding, sorg og sut, ja alt skal gløymast av.
Og rota som den grodde på må visna bort og døy,
for alt som lever her på jord er liksom gras og høy.

Top Letras de Gaate

  1. Kara tu omna
  2. Sjåaren
  3. Bendik & Årolilja
  4. Følgje
  5. Stengd Dør
  6. Jygri
  7. Fredlysning
  8. Inga Litimor
  9. Knut liten og Sylvelin
  10. Skrømt