Letras Web

Rike Rodenigår

Gaate

3 acessos

Å, det var rike Rodenigår,
han rir åt skogen aleine,
så høyrde han den ørni gol,
ho rister å sjek sine venger.

- Der gjele ei ørn i Beiarlunden so lenge

"Høyrer du rike Rodenigår,
kvi rir du i skogjen aleine?
Kor er din hauk og kor er din hund,
kor er dine raske hovdrengjir?"

- Der gjele ei ørn i Beiarlunden so lenge

"Dei tvo dei er på villande hei,
dei aktar dei dyri skjote;
dei andre tvo er på breian fjord,
dei aktar den bylja brjote."

- Der gjele ei ørn i Beiarlunden so lenge

"Høyrer du rike Rodenigår,
kva hev du laga til koste?
Dagane ein og båe tvei
vil eg deg heime gjeste."

- Der gjele ei ørn i Beiarlunden so lenge

Top Letras de Gaate

  1. Kara tu omna
  2. Sjåaren
  3. Følgje
  4. Bendik & Årolilja
  5. Stengd Dør
  6. Jygri
  7. Fredlysning
  8. Inga Litimor
  9. Knut liten og Sylvelin
  10. Skrømt