Letras Web

Kjærleik

Gaate

5 acessos

Eg vil ikkje vera slave!
kjærleiken er ingen klave
du bitt ikring ei kvinnesjel
Kjærleik er å vilja vel!

Eg vil ikkje la meg eige.
Du kan ingen hjarto leige.
Eg er`kje noko som du stel.
Kjærleik er å vilja vel!

Elsk meg, elsk meg med det gode,
det som ligg i manneblodet.
Det er`kje nett når hanen gjel.
Kjærleik er å vilja vel!

Har du nokon hjartekjære,
elskar du med all di ære.
For elskhug er som bråe e`l
Kjærleik er å vilja vel!

Eg vil livet atterføde.
liksom jorda bera grøde.
Så elsk meg ikkje beint ihel.
Kjærleik er å vilja vel!

Top Letras de Gaate

  1. Kara tu omna
  2. Sjåaren
  3. Bendik & Årolilja
  4. Følgje
  5. Stengd Dør
  6. Jygri
  7. Fredlysning
  8. Inga Litimor
  9. Knut liten og Sylvelin
  10. Skrømt